Fela Bale

Fela Bale vart starta i 2016 av Eivind Lervik, Henrik Kleveland og Joakim Helland som eit fritidprosjekt for å spela litt i lag. Relativt fort vart også Stian Lervik med i gjengen. Planen var å spele litt cover-songar i lag, men me fann fort ut at det er mykje artigare å skriva musikken sin sjølv. I byrjinga hadde me ikkje noko klar retning kor me ville ta musikken og øvingane blei lika mykje sosialt samvær som det vart speling. Etter relativt kort tid fann me ut at me ville skrive songar om noko som ligg oss hjarta nært, nemleg lokalsamfunnet. Me byrja å skissere opp songar og sat i gong med å øve. På denne tida spelte Stian keyboard, Joakim gitar, Eivind trommer og Henrik bass.

Me fann tidleg ut at me også kom til å trenge vokalist for å framføre tekstane våre, og i 2017 vart Eskil Taule med i gjengen. Etter litt tid tok Henrik ein pause frå bandet for å studera i Stavanger, og Eskil tok over som bassist. Gradvis fekk Joakim vokal-rolla medan dei andre i bandet song bakgrunnsvokal.

I 2019 ga me ut EP og singel, og i 2020 kom den første plata vår. Etter dert har det kome ein del musikkvideoar og singlar, og no jobbar me mot ei ny plate som me håpar kjem ut snart.

Våren 2026 kom Henrik Kleveland tilbake inn i bandet og tok over oppgåva som bassist etter Eskil. Eskil hadde flytta til austlandet og trengde å fokusere på familien framover.

I dag er besetninga tilbake til sånn det starta med Joakim på vokal og gitar, Henrik på bass, Stian på keyboard og Eivind på trommer. Sounden er meir raffinert, men me heldt oss framleis trufast til målet vårt om å skriva artige tekstar om lokalsamfunnet og andre tema som opptar bandmedlemmane.

plata.jpg

Bandet

Vokal og Gitar

‍Joakim er vokalist og gitarist i bandet. I motsetning til dei andre hadde han inga erfaring med å spele musikk saman med andre frå før, men fant fort at dette var noko han fekk mykje igjen for. Han jobbar som vann- og avlaupsingeniør, og utanfor musikken interesserar han seg for buldring, jogging, og matlaging. Musikken han likar å høyre på fell innfor det han vil kalla "rock og omegn".

Joakim Mangerøy Helland

Bass

Sprengte høgtalaren din etter du spelte av ein Fela Bale-song? Skuld på Henrik, for det er han og bassen som stod bak. Han er utdanna messingpedagog og arbeidar som det i gamle Nordhordland. Musikksmaken er brei og eklektisk, og (nesten) alt går i grisen. Nemneverdig er autentisk funk, klassisk (barokk og tidleg modernisme!), spelmusikk, eurobeat, tradjazz, polka og ikkje minst powermetal. Elles er han glad i å lesa historiebøk, laga god mat, vandra i skog og mark og snakka med kråkar.

Henrik Kleveland

Keyboards

Stian spelar det meste med tangentar! Han er utdanna elektrikar og jobbar for Risnes Elektro AS. På fritida går tida med til småprosjekt, prøvd seg litt på bilcross og elles det som virka interessant der å då. Stian høyrer på dei fleste musikksjangrar, men for det meste er det punk og power metall han høyrer på. Men sjølvsagt kjem Vinskvetten på i ny og ne.

Stian Lervik

Eivind Lervik

Trommer

Eivind er bandets trommeslagar, og spelar elektronisk trommesett heilt utan skam! Han er utdanna dataingeniør og jobbar som IT-konsulent hjå Helse Vest IKT. I Fela Bale fungerar han også som alt-mulig-mann som miksar, mastrar og lagar visuelle effektar. Utanom band går fritida til spelutvikling, øl-brygging og motorsport. Når det kjem til musikksmak, går det for det meste i melodiøs metall, popmusikk frå 80-tallet og songar med utprega humoristiske trekk.